Søndagsskule og familiedag på Betania


Intro Søndagsskule

 

Kjære du som fyller 5 i 2021!

Synast du det er kjekt å gå på skattejakt? Det kan vere ganske spennande!

På søndagsskulen går vi på skattejakt i Bibelen. Skattane er litt annleis enn vanlege skattar, men dei er veldig viktige. For eksempel fortel Bibelen at alle menneske er like verdifulle og at Gud er glad i alle. Det er ein superfin skatt.! Vi håpar du har lyst å vere med på søndagsskulen og finne skattar i Bibelen, syngje og leike saman!

 

Foreldre/Føresette:

Saman med de og barnet sine fadrar har kyrkjelyden eit ansvar for å lære opp barna i trua dei er døypte til. Dette er ein del av bakgrunnen for det vi kallar trusopplæring. Som ein del av trusopplæringstilbodet har vi eit samarbeid med søndagsskulen på Betania. Det inneber at alle som blir 5 år i 2021 blir inviterte til å prøve korleis det er å gå på søndagsskulen. 

 

I år blir det søndagsskule og familielørdag to gonger på Betania og 5-åringane er spesielt inviterte. Det er ikkje påmelding til dette tiltaket, det er berre å møte opp. Vi ønsker likevel at de registrerer dykk når de kjem kvar gong. 

Datoane er: 30. oktober og 27. november kl.13.00 

 

Vennleg helsing

Elin Grindhaug (trusopplærar, 415 06 781)

Linda Meistad (leiar på søndagsskulen)

 

 

 

Tilbake